I programmet «Ein samtale om å vere kunstnar» møter vi glaskunstnar Ine Harrang frå Molde og kunstmålaren Trine Røssevold frå Valderøya.
Ine Harrang (født i 1960) er ein norsk biletkunstnar. Ho bur i Molde. Ine er utdanna både som skodespelar og kunstnar. Som biletkunstnar arbeider ho særleg med glass, ofte kombinert med andre materiale. Ine har hatt mange separatutstillinger både i Norge og i utlandet. Ho har også hatt mange oppdrag og tillitsverv innan ulike kulturområder, mellom anna styreleiar for Møre og Romsdal Kunstsenter.
Ine presenterer seg sjølv slik på Møre og Romsdal Kunstsentersine heimesider:
Glass for meg startet med glassmaleriet, kunstformen som bragte skår av knust lys inn i middelalderens katedraler. Siden har glasset blitt et del-medium for konseptbasert arbeid i materialets randsone hvor jeg ikke er så opptatt av hva glasskunst er, som hva det også kan være.
Arbeidet er hovedsakelig prosjektbasert, og har i stor grad vært knyttet til forflytning av tid, erindrings tegn, og rester. Dette har befestet seg gjennom større prosjekter som på ulikt vis har hatt i seg, debattert eller problematisert spor, samlinger og minne avtrykk .
Tilbakevendende grunntone tema er fragilitet, erindring og et forsøk på å forstå den udefinerbare fornemmelsen av et Metaplan i tilværelsen.
Trine Røssevold er ein biletkunstnar frå Valderøy. Ho arbeider mest med måleri. Trine har jobba som inspektør ved Ålesund kunstfagskole sia 2012, og vart rektor i 2019.
Trine presenterer seg sjølv slik på Møre og Romsdal Kunstsenter sine heimesider:
Måleriet er så mykje meir enn ei måla fargeflate ein kan henge på ein vegg. Det er illusjonar som er arbeidd fram gjennom manipulering av fargar og masse. Illusjonen skal overtyde deg som ser måleriet om at du kan lese, tolke og oppleve innhaldet i bildet.
Mitt namn er Trine Røssevold. Eg har mi utdanning frå DJCADi Dundee, Skottland og frå Akademie Der Bildenden Künste i Wien. Eg har mitt atelier er på Valderøya utanfor Ålesund.
Måleria mine er utført i ei form for klassisk oljemåleri men der motiva mine er resultat av fordjuping innan område som eg finn interessante å utforske.
Filmen er produsert av Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø, med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.