Programserien "Historieboka" er eit samarbeid mellom historikar Jarle Sanden, Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø. I dette programmet fortel Jarle om tradisjonsmaten blandaball.
Jarle Sanden (født 19.september 1951) er ein kjent og kjær historieforteljar frå Molde. Frå han var liten gut var han knytt til Romsdalsmuseet i Molde, først i barneleikarringen, etterkvart som guide, særleg på museet si fiskeriavdeling på Hjertøya. Frå 1980 vart han fast tilsett ved museet, og frå 1994 til 2018 som direktør.
I 1979 tok han magistergrad i etnologi frå Universitetet i Oslo med ei avhandling om notfiske på øya Gossen i Romsdal.
Jarle har og vore turistsjef i Molde, og konsulent på kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I 2019 vart han tilsett som konstituert direktør ved det nyetablerte regionmuseet Musea på Sunnmøre.
Jarle har skrevet fleire bøker og artiklar om kulturhistoriske tema.
Programmet er produsert av Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune