Litteratur

Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune

Litteraturformidling Møre og Romsdal: Forfattarar i samtale om bygda – oppgjer og tilhøyrsle

13. oktober er det premiere på den tredje av i alt fire flotte filmar kor litteratur og forfattarar frå fylket står i sentrum

I denne filmen møter vi forfattarane Lars Svisdal og Svein Sæter i samtale med Synnøve Nes. Her får vi høyre om korleis bygda og forholdet til bygda blir behandla i litteratur, og kva forhold forfattarane sjølve har til bygda og livet der. Filmen vart det gjort opptak til på Festiviteten i Kristiansund ein sommardag i juni 2020.  

Lars Svisdal (f. 1985) debuterte i 2018 med romanen Seg til inkjes på Gyldendal forlag, og som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar – og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.

Svein Sæter (f. 1960) har skrive mange sakprosabøker, ofte med historiske tema. Ein av personane Sæter har skrive om er Hans Hyldbakk, diktaren og bygdebokforfattaren frå Surnadal som kanskje er mest kjent for diktet Vårsøg. Svein Sæter skriv også musikkspel og andre stykke for scena.

Kva er det eigentleg med livet på bygda? Det er duka for ein spennande og interessant samtale. God fornøyelse!

Forfattarar frå heile fylket

Det er i alt fire filmar som blir publisert utover hausten, og filmane byr på skjønnlitteratur, faglitteratur, fine samtalar mellom forfattarar, høgtlesing og diskusjonar. Fylkeskommunen har leia arbeidet i samarbeid med fleire bibliotek i fylket, kor målet er å formidle delar av litteraturen som har sitt utspring i Møre og Romsdal. Opptaka er gjort i ulike delar av fylket, i kommunane Kristiansund, Molde, Sula og Vanylven.

Datoar for lansering:

  • 1. september: Maria Parr, Ingunn Røyset og Hilde Myklebust, filma på Hakallegarden
  • 15. september: Sissel Brunstad og Eldar Høidal, filma Devoldfabrikken
  • 13. oktober: Svein Sæter og Lars Svisdal, filma på Festiviteten, Kristiansund
  • 27. oktober: Edvard Hoem, filma på Veøya

Filmane er ein del av ei nasjonal satsing på digital formidling og blir tilgjengeleg for alle i heile landet. Dei er produserte med midlar frå Nasjonalbiblioteket.

Filmane er tilgjengelege i 14 dagar frå lansering.