Litteratur

Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune

Møt forfattarar frå fylket – på film!

I den første filmen møter du Maria Parr med boka Keeperen og havet, Ingunn Røyset med Brevet frå krigen og Hilde Myklebust med Ylva og villgeitene. Innspelinga fann stad på Hakallegarden i Vanylven.

Inger Lise Aarseth, seksjonsleiar på fylkesbiblioteket synes det er fint med digitale arrangement for både barn og vaksne, sidan dei fleste biblioteka framleis har restriksjonar på arrangement.

- Første film ut er ein flott familiefilm, så vi oppfordrar foreldre og besteforeldre til å sjå filmen saman med barna, og kanskje kan de låne bøkene på biblioteket i etterkant? Filmen eignar seg også godt til å sjå i skulen og til markeringa av avslutninga på Sommarles kampanjen, seier Aarseth.

Forfattarar frå heile fylket

Dei fire filmane blir publiserte utover hausten, og byr på skjønnlitteratur, faglitteratur, fine samtalar mellom forfattarar, høgtlesing og diskusjonar. Fylkeskommunen har leia arbeidet i samarbeid med fleire bibliotek i fylket, kor målet er å formidle ein del av litteraturen som har sitt utspring i Møre og Romsdal. Opptaka er gjort i ulike delar av fylket, i kommunane Kristiansund, Molde, Sula og Vanylven.

Filmane blir lansert i denne rekkefølga:

  • 1. september: Maria Parr, Ingunn Røyset og Hilde Myklebust, filma på Hakallegarden
  • 15. september: Sissel Brunstad og Eldar Høidal, filma Devoldfabrikken
  • 13. oktober: Svein Sæter og Lars Svisdal, filma på Festiviteten, Kristiansund
  • 27. oktober: Edvard Hoem, filma på Veøya

Filmane er ein del av ei nasjonal satsing på digital formidling og blir tilgjengeleg for alle i heile landet. Dei er produserte med midlar frå Nasjonalbiblioteket.

Filmane vil vere tilgjengelege i 14 dagar frå utgjeving.

Dei andre filmane blir publiserte 15. september, 13. oktober og 27. oktober.

- Det er berre å glede seg, her er det mykje bra i vente, avsluttar Aarseth.