Brødrene Knut Marius og Hallvar Djupvik har markert seg sterkt på ulike scener med sine sterke songstemmer. I programmet får vi møte brødrene og familien heime i Tomrefjord i samtale med Rolf Magnus Orø. Programmet blir avslutta med fleire musikalske innslag frå kulturhuset Idahall, der begge to har stått på scena i mange ulike samanheng.
Hallvar vart tidleg fascinert av den svenske operasongaran Jussi Bjørling. Då musikklina ved Molde videregående skole valde å sette opp rockeoperaen Jesus Christ Superstar, fekk Hallvar rolla som Judas. Dermed vart Hallvars rockegitar lagt litt til sides, og kjærleiken til opera fekk full fokus. Han er utdanna frå musikkonservatoriet i Kristiansand og Operaakademiet i København, der han også traff sin framtidige kone Stephanie Lippert Djupvik. Ho er også operasongar. Etter fleire roller i store operaer, flytta dei til Tomrefjord saman med den vesle dottera si i 2020.
Knut Marius gjekk også på musikklina ved Molde videregående skole. Saman med sju medelevar starta dei bandet Red Hot, som har hatt mange store konsertar mellom anna på Moldejazz, Jugendfest, Kongsberg jazzfestival, Raumarock. Og Red Hot eksisterer framleis i beste velgåande. Då musikklina satte opp musikalen Hair, var han sjølvskreven i rolla som Georg Berger. Alle songane vart sungen på dialekt. «I he hår» song han, på kav Tomrefjordsdialekt, og dansa på bordet saman med songlæraren Marit Mordal. Han har hatt fleire store roller i ulike musikalar rundt om Norge, vore på turne saman med kjende artistar, vant The Voice i 2013 og er no aktuell i Stjernekamp på NRK.
Filmen er produsert av Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø, med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Songar som er med i programmet:
«Everybody needs Somebody to Love» av Solomon Burke
«När jag för mig själv i mörka skogen går». Musikk: WilhelmPeterson-Berger, tekst: anonym
«Mon cœur s'ouvre à ta voix» fra Samson et Dalilah. Musikk:Camille Saint-Saëns, Tekst: Ferdinand Lemaire
«Satisfy You» av Knut Marius Djupvik
«You’llNever Walk Alone» av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II
«He du prøvd å Elske». Musikk: KnutMarius Djupvik, Eivind Fossland, Pål Gunnar Fiksdal. Tekst: Knut Marius Djupvik
Denne tjenesten tilbys av Lyd & Sceneproduksjon AS. Musikken er gjengitt med tillatelse fra TONO. Uautorisert fremføring eller kopiering er ulovlig.
Musikken er gjengitt med tillatelse fra NCB. www.ncb.dk